fredag 18. september 2020, 19:00 - 21:20

Informasjon

Riksteatret samlar nokre av landet sine beste skodespelarar i ein heilt ny versjon av Peer Gynt. Regissør Ole Anders Tandberg går tett på personane i Ibsen sitt mesterverk. Kva skjer med vår oppfatning av Peer Gynt når vi kjem tett på, heime i kjøkenet hos Peer? Kven var han eigentleg, og kvifor flykta han alltid frå seg sjølv?

–Eg har alltid hatt lyst til å spele Peer Gynt, seier skodespelar Anders Baasmo. – Hvis vi gjer det på den riktige måten, trur eg at vi kan kome nærare kjernen, nærare det stykket eigentleg handla om. Eg håpar vi kan lage ei forestilling som gjer at folk kan kjenne igjen meir av seg sjølv i Peer.

Anders Baasmo set seg i turnébussen saman med Gisken Armand, Ola G. Furuseth, Jan Sælid og Thea Lambrechts Vaulen.

Riksteatret si forestilling er eit spanande møte med Ibsen sin klassikar - ei forestilling for alle, enten du er Ibsen-kjennar eller møte Peer for første gang. 

På scena
Anders Baasmo, Gisken Armand, Ola G. Furuseth, Jan Sælid og Thea Lambrechts Vaulen

Team
Regissør: Ole Anders Tandberg, Scenograf: Erlend Birkeland, Kostymedesigner: Maria Geber, Lysdesigner: Elisabeth Kjeldahl Nilsson, Komponist: Joel Sahlin, Dramaturg: Øyvind Berg og Produsent: Emnet Kebreab

Av Henrik Ibsen. Bearbeidet av Ole Anders Tandberg. Oversatt av Øyvind Berg.

Forestillingslengde: 2 timer 20 minutter (inkludert pause).

Billettar finn du her

Klikk for stort bilete   

Stad


6823 Sandane

Tlf.: 57883800

URL: http://www.trivselshagen.no

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk