laurdag 17. oktober 2020, 20:00 - 23:55

Informasjon

Årets Fjordblues blir arrangert på Gloppen Hotell fredag og laurdag 16.-17.oktober.

Årets program er heilnorsk som ein følge av koronarestriksjonar. Du får oppleve det beste av norsk blues og rootsmusikk, ei god blanding av lokale og nasjonale artistar.
 

Alle gjeldande smittevernsreglar vil bli etterlevd med sitjande publikum og servering kun ved bord. Antal billettar er begrensa til kun 100 billettar kvar kveld.

Konferansier for årets Fjordblues er multitalentet Vidar Letho som er kjend som både komikar, musikar, foredragshaldar, skodespelar mm. Her blir det både musikalske innslag og heilt sikkert ein god porsjon humor.

Fredagens program består av Atle Oen frå Eid og medmusikantar. Han er snart klar for å sleppe sitt første album. Han byr på eigenkomponert roots- og americana musikk av høgaste kvalitet!

Bluesbandet Howlin Jukes frå Bergen gjorde stor suksess på Fjordblues i 2016 med fenomenet Geir Mæhle som vokalist og frontmann. Han imponerer både med sine vokale prestasjonar og sceneutstråling.  

Fredagens program blir så toppa av eit eksklusivt plate-slepp for det første albumet til The Bills. Dette er roots/americanabandet til Bill Booth og Bill Troiani, to amerikanske veteranar som har vore svært sentrale i norsk blues og roots musikk i fleire ti-år.

Laurdag står bandet RaudSprit med elevar frå Firda vgs. på scena. Dei lovar alt frå groovy bluesrock til eksotisk bluesfusion! Eit anna ungt band på scena er Vintage Radio frå Oslo som byr på ein god miks av blues, soul og gospel. I ein omtale av bandet heiter det at bandet har ein kvinneleg vokalist som er fullt på høgde med Beth Hart, og ein gitarist som går Beck, Blackmore og Bonamassa i næringa. Kvelden blir runda av med Joachim Tinderholt & His Band. Med si tolking av klassisk blues, rhythm and blues og tidleg rock & roll så står dette bandet på terskelen til eit internasjonalt gjennombrot.

Billettar

Kjøp her

Klikk for stort bilete Fjordblues  

 


 

Stad


Sørstrandsvegen 16,  6823 Sandane

(post): post@gloppenhotell.no

URL: http://www.gloppenhotell.no

Kontakt


6823 Sandane

URL: http://fjordblues.no/

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk