Trøffeljegerne frå Piemont

Ei humoristisk og uimotståeleg sjarmbombe av ein film om gamle gubbar, lojale hundar, vin og mat, og om eit liv i harmoni med naturen. Kritikarroste “Trøffeljegerne fra Piemonte” er ein ekte kjærleikserklæring til Italia!

Dato
22. januar 2022
Tid
17:00 - 18:33
Stad
Kinosalen

Djupt inne i skogen i den italienske regionen Piemonte vandrar ei gruppe menn i 80-åra på leiting etter verdas dyraste ingrediens. Saman med sine lojale, firbeinte bestevener jaktar dei dag og natt på den kvite Alba-trøffelen – ei jakt som viser seg å vere både farleg og totalt avhengighetsskapande.

"Trøffeljegerne fra Piemonte", regissert av Michael Dweck og Gregory Kershaw, lar fokuset  kvile på dei dedikerte trøffeljegerane – dei siste av sin sort – som har nedarva kunnskapen gjennom generasjonar, men som er hemmelegheitsfulle når dei vert bedt om å dele korleis dei finn trøflane. Vi får også oppleve korleis sleipe mellommenn tenar skyhøge summar på å selge trøflane vidare til butikkar og gourmetsultne ganar ettersom tilbodet stadig vert mindre og etterspørselen berre aukar.

Publikumsfavoritten og vinnar av sjølvaste Auroraprisen frå årets filmfestival i Tromsø tar dei eldre herremennene og hundane deiras på alvor. På same tid har dokumentaren ein god porsjon humor, mellom anna i portretteringa av forholdet mellom eigar og trufast hjelpar, som får kongeleg oppvartning når det kjem til stell og mat. Det er berre å lene seg tilbake og nyte denne lille lekkerbiskenen av ein film.

Kjøp billett her!

Informasjon om hendinga

Pris ungdom
100
Pris vaksen
130
Regi
Michael Dweck, Gregory Kershaw
Genre
Dokumentar
Nasjonalitet
Italia
Varighet
01:24
Skuespillere
Piero Botto, Maria Cicciù, Sergio Cauda, Aurelio Conterno, Enrico Crippa, Gianfranco Curti, Carlo Gondola
YouTube-video-url
https://youtu.be/RHTCDcVFPt0

Arrangør

Gloppen Kino

Andre tidspunkt

  1. Måndag, 27.12.2021 17.00 - 27.12.2021 18.34
  2. Torsdag, 30.12.2021 17.00 - 30.12.2021 18.34
  3. Laurdag, 22.01.2022 17.00 - 22.01.2022 18.33

Filter

Søk