Temakafé - for kreftråka, pårørande og etterlatne

Temakafeen er ei sosialt treff for kreftramma, pårørande og etterlatte.

VI møtes fyrste onsdagen i månaden kl 19-21 på Felleshuset i Gotevegen 89.

Dato
5. juni 2024
Tid
18:30 - 21:00
Stad
Felleshuset, Gotavegen 89
Merknad
Tema 5. juni: Sommaravslutting, Fjellstova Utvikfjellet. Matservering frå Bakar Jon, 200 kr

Kva er Temakafe?

Her tek vi opp ulike tema om kreft og det å leve med kreft, i tillegg til ulike kulturelle innslag. Tilbodet er eit samarbeid mellom frivillege, kreftforeningen og helse- og velferdstenesta i Gloppen.  Kreftsjukepleiarane deltek.

Temakaféen er staden der ein kan treffe medmenneske som er i same situasjon som ein sjølv, enten ein har vore eller er råka av kreft, om ein er pårørande eller etterlatne. Dette er eit samarbeid med Kreftforeningen. Ein kan utveksle erfaringar eller ein kan berre vere der, lye og kanskje lære? Vi har ikkje medlemslister eller kontigent, vi berre set oss møte den første onsdagen i kvar månad til koselig samvær, fylt med ei god blanding av skjemt, alvor, kultur og fagleg stoff.

Kom innom for ein kaffi og ei hyggjeleg samtale med nokon som er eller har vore gjennom det same som deg. 

Lurer du på noko meir ta kontakt med Anita Lote på Kommunehuset.

 

Tilbodet er gratis - og det er inga påmelding!

 

 

Vårprogrammet 2024 ser slik ut: 

Onsdag 6. mars - på Felleshuset

Tid: kl 19-21

Tema

Psykisk helse når kreftsjukdom rammar, ved Synnøve Grov, leiar ved psykisk helse i Gloppen kommune.

Firdarussen informerer om “kreftforeningens innsamlingsaksjon”

Onsdag 3. april - på Felleshuset

Tid: Kl 19-21

Tema

“Praten om maten” ved kreftsjukepleiarane.

Det blir servert kveldsmat

Onsdag 5. juni 2024 - Fjellstova Utvikfjellet

Tid: samkøyring frå Felleshuset kl 18.30

Tema

Sommaravslutning. 

John Oddvar Kandal spelar og kåserer om kulturen i Breim.

Matservering frå Bakar Jon.  Pris: kr 200,- i eigenandel

 

Arrangør

Fleire arrangørar

Andre tidspunkt

  1. Onsdag, 06.03.2024 19.00 - 06.03.2024 21.00
  2. Onsdag, 03.04.2024 19.00 - 03.04.2024 21.00
  3. Onsdag, 05.06.2024 18.30 - 05.06.2024 21.00

Filter

Søk