Senioruniversitetet: Jan Erik Mardal

Jan Erik Mardal vitjar Senioruniversitetet og held foredrag om framtidsfullmakt.

Dato
13. november 2024
Tid
11:30 - 12:30
Stad
Kinosalen i Trivselshagen

Advokat Jan Erik Mardal har lang erfaring innan arv og skifte. Han er også samarbeidsadvokat for Huseiernes landsforbund der han m.a. har helde ei rekkje foredrag og kurs om temaet framtidsfullmakt. 

Framtidsfullmakt er eit privatrettsleg alternativ til verjemål dersom ein skulle bli ute av stand til å ivareta sine interesser på grunn av sjukdom og demens. Ordninga vart innført ved lov i 2013. Advokat Jan Erik Mardal vil gå igjennom kva reglar som gjeld for slike fullmakter og gje nyttige tips om kva som bør takast med. 

Billettar finn du her

Arrangør

Senioruniversitetet

Filter

Søk