"De brente våre gårder. De drepte våre menn.
La våre hjerter hamre det om og om igjen."
Strofene er frå diktet “Aust-Vågøy. Mars 1941” av Inger Hagerup. Dei kunne like gjerne vore skrivne til Finnmark og Nord-Troms i 1944. Den brente jords taktikk, ein kjend militær strategi. Gjer øydeleggjingane så omfattande at det ikkje er noko att til nokon. I bruk då - i bruk idag.
Historia om krigen i nord, har følgd meg gjennom livet.
Farfar tenestegjorde som soldat i slaget om Narvik og Norge. Ein onkel til far, pasifist og medlem av “Det brukne gevær”, tenestegjorde i saniteten.
Ein onkel til mor var agent for Secret Intelligence Service (SIS) i London og den spiontelegrafisten som held ut lengst i Norge.
Barneåra trakka eg på “tysk” grunn på Skattøra i dåverande Tromsøysund kommune. Der hadde tyskarane bygd opp ein relativt stor base rund sjøflyhamna. Bustadhus, mannskapsbrakker, gymnastikksal, kontrolltårn/tekniske installasjonar, brakker for fangar, ammunisjonlagre, hangar og splintmur var ein del av kvardagen min. Her var også leikeområdet mitt – med historiene som følgde med. Tvangsevakuering og brenning av Finnmark var ei av dei.
Seinare – som vaksen – jobba eg som kultursekretær i Kåfjord kommune i Nord-Troms. Her møtte eg nye historier. Om Bålsrud, om kystfort og større forsvarsanlegg. Om fluktruter til Sverige, om dei som flykta og dei som blei tatt. Og ikkje minst om tvangsevakuering og utbrende bygder i heile regionen.
Eg er ikkje historikar, heller ikkje eit tidsvitne. 80 år er ein mannsalder så tidsvitne finst nesten ikkje lengre. Dei skrivne kjeldene er derimot mange og tilgjengelege. Desse saman med mi familiehistorie og mine samtalar med tidsvitne er grunnlaget for mi tilnærming til temaet “Krigen i Finnmark og Nord-Troms".
Billettar finn du her