|
Jon Eikemo - 24. september
|
|
|
 Publisert 16.08.2010
Biblioteket i Trivselshagen er ope seks dagar i veka. Vi får stadig inn nye bøker, lydbøker, musikk og filmar, så bla gjerne i "Nytt i hylla". Det er lett å bestille! Då legg vi av til deg - eller reserverer dersom utlånt.
Unn deg litt tid i det flotte biblioteket, anten aleine eller saman med vener eller familie. Her kan du sitte i fred i ein hyggelig krok, nyte utsikten frå ein god sofa, lese for barna i lesebingen på eventyrrommet, bruke internett, lese aviser og blad, og ikkje minst kan du låne med deg skattar heim - heilt gratis. Spør oss gjerne om gode lesetips!
 Publisert 16.08.2010
Visste du at biblioteka sine magasin kan lånast med heim? Plukk med deg ein hyggeleg bunke til ei fin lesestund. Det er mange magasin å velge mellom, sjå berre her!
 Publisert 01.03.2010
 Publisert 14.01.2010
I siste utgåve av fagbladet Bibliotekaren er Gloppen folkebibliotek profilert av redaktøren i ein lang artikkel som eksemplifiserer aktuelle nasjonale bibliotekspørsmål med bilder, intervju og eksempel frå Gloppen. Dette er veldig god reklame frå bibiloteket vårt!
Sjå den flotte artikkelen her
 Publisert 12.01.2010
Folk i Gloppen set stor pris på biblioteket sitt! Stadig fleire tek biblioteka aktivt i bruk, noko statistikken for 2009 tydeleg viser. 2009 var det første heile året i det nye biblioteket i Trivselshagen. Besøket i det nye biblioteket har auka med 79% frå året før. Utlånet har auka frå 41.855 til 46.725 - altså opp 12% frå 2008. Dette er samla utlånstal for alle tre avdelingar.
 Publisert 11.06.2009
Visste du at LÅNEKORTET gjeld i 2500 norske bibliotek, inkludert Gloppen folkebibliotek? Når du har skaffa deg LÅNEKORTET kan du låne bøker på det lokale biblioteket når du er ute og reiser. Om du no er på ferietur til Bodø, på handballkamp i Førdehuset, eller har lyst innom det nye Nasjonalbiblioteket i Oslo. Levere tilbake kan du t.d. gjere på ditt lokale bibliotek.
Kortet er gratis, og blir utlevert på alle våre tre avdelingar - Sandane, Byrkjelo og Hyen. Hugs å ta med legitimasjon med personnummer.
 Publisert 16.05.2009
 Publisert 02.02.2009
Statistikken for 2008 er no klar, og viser eit stabilt utlån ved Gloppen folkebibliotek totalt sett, i høve til 2007. På plussida er ein solid utlånsauke på Sandane etter flyttinga til nye lokale i Trivselshagen, medan Byrkjelo sitt utlån har gått ned.
Den detaljerte 3 PÅ TOPP-lista, viser at romanen "Ligge i grønne enger" av Anne B. Ragde er mest utlånt for dei vaksne, medan den mest leste barneboka er "Heksene" av Roald Dahl - ikkje uventa etter samarbeidet med Gloppen musikkfest. Dette er likevel berre ein liten del av det totale utlånet som har stor breidde.
 Publisert 16.01.2009
Biblioteket på Sandane tilbyr no sjølvbetjent utlån, for dei som ynskjer det. Dette skjer med bruk av strekkodelesar, ved ein eigen PC nær utgangen. Du må ha med lånekortet ditt for å kunne låne sjølv.
Det er enkelt å låne sjølv. Du kan få med kvittering på låna dine (inkl. lånefrist).
Og sjølvsagt er alle velkomne til å låne i skranken som før, dette er meint som ei alternativ teneste for dei som ynskjer det. Det kan sjølvsagt kome godt med når det er kø i skranken.
 Publisert 13.01.2009
Hans Sande var både hovudgjest og tema på Gloppen litteraturfest 2008. Hans Sande bur i dag i Førde, men har røter i Gloppen. Bestefaren heitte også Hans Sande, og kom frå Kristenbruket på Sørstranda. Faren Steinar var kapellan i Breim i seks år, og forfattaren budde på Reed til han var 14 år.
Hans Sande har ein omfattande produksjon bak seg, i mange sjangrar og former: Bildebøker, ungdomsromanar, dikt, noveller, romanar – til saman nesten 40 bøker og mange litterære prisar.
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
|
|
Trivselshagen
|
|
|
|
|
|
6823
Sandane
|
 |
|
|