Haust er kinotid - og ingen ting er som å sette seg godt til rette i salen, og la seg underhalde av ein god film.
Gloppen kino har mykje å by på framover hausten, det vert filmar for både store og små og vi kan mellom anna nemne Knerten gifter seg, The Expendables, Varg Veum: Skriften på veggen, Wall Street II og Spis Elsk Lev. Kvar tysdag i heile oktober vil det også bli kvalitetsfilm-godbitar.