KLATREVEGG I TRIVSELSHALLEN
Endeleg er klatreveggen ferdig omskrudd og vi har no fått nye klatreruter i heile veggen, som ein no kan boltre seg på i våre opningstider.
Vil du klatre? Registrer deg i resepsjonen.
Klatreveggen i Trivselshallen er totalt 15 meter høg, med eit utfordrande parti med overheng og eit stort antall merka ruter i ulike vanskelighetsgrader. Vi har 2 autobelay (sikring) slik at ein har moglegheit for sjølvsikring om ein ynskjer å klatre aleine. Vi krevjer at ein har brattkort eller har med seg ein med brattkort om ein vil nytte autobelayane våre.
Sjå nye retningslinjer for autobelay her: Retningslinjer autobelay
For å klatre lyt ein ha brattkort, eller ha med seg ein med brattkort. Det er eit krav om at den som sikrar har brattkort.
Leige utstyr?
Per dags dato har vi dessverre ikkje klatreutstyr til leige i Trivselshagen bad og idrett. Vi anbefaler derfor å kontakte Nordfjord klatreklubb, som har ei eiga utstyrskasse ståande i hallen.
Reserverte tidspunkt i klatrevegg:
FAST: Måndagar kl. 19-21 er veggen i bruk av open skule ved Firda vgs
Klatrevegg er reservert til SUBBEN Fredag 8. november kl. 19-21.00