Trivselshagen bad og idrett er eit stort og moderne idrettsanlegg med god kapasitet for aktivitet. Nede i Trivselshallen har vi tre handballbaner, som kan delast med skillevegg både mellom banene, og på kvar handballflate. I tillegg har ein mulighet til å vere aktiv i idrettsanlegget sin klatreveggen, kastsirkel og sprintbane.
I 2. etasje finn du Firdahallen, som har idrettsanlegget si fjerde handballbane. Store delar av året er halve Firdahallen tilrettelagt for turn, og det ligg turnutstyr utover handballbana. I enden av Firdahallen ligg turnhallen, som blant anna har skomgrop, trampoline og tumbling.
Vi har god kapasitet på våre handballflater på spesifikke tidspunkt i både vekedagar og helger, så det er mogleg å leige seg inn om ein ønsker seg ei enkel økt/faste økter i lag med vennegjengen, familien eller organisasjonen sin.
Klikk her for å sjå faste treningstider og ledig hallkapasitet
Kva finn du i Trivselshallen?
4 handballbaner
Klatrevegg
Kastsirkel
Lengdegrop
Sprintbane
Turnhall